Profesjonelle aktørar dobla tømmerhogsten i skogane i Ørsta og Volda i fjor, samanlikna med året før.

– Totalt vart det avverka 32 843 Kubikkmeter (m3) i Volda og Ørsta, som er ei dobling frå 2022. Det var taubane i Ørsta og Volda store deler av 2023. Bruttoverdien på tømmeret frå Ørsta og Volda i fjor var på ca. 18 millionar kroner.

Det vart skipa ut mykje tømmer på Ørstaterminalen i fjor. Foto: Roy-Arne Folkestad

Dette skriv fagansvarleg for skogbruk, Peder Magnussen, i landbrukskontoret si årsmelding for 2023.

I 2023 vart det i Volda avverka 15 998 m3 og i Ørsta 16 845 m3.

Inntektene utgjorde eit gjennomsnitt på kring 550 kroner per m3 som er ca. 30 kroner lågare enn i 2022.

Planter

Det vart elles i fjor planta 194 000 granplanter, ca. 100 000 planter mindre enn i 2022.

– Av desse var 150 000 i Volda og 44 000 i Ørsta, dette utgjer ca. 800 dekar, fortel Magnussen.

Det vart også utført ungskogpleie på 25 dekar i Volda. Til saman vart det utbetalt 605 000 kroner i tilskot til skogkultur. Allskog planta fleire gamle felt i 2023, noko som betyr at det er lite etterslep på gamle planteflater.

Barstad

Med Håkon Eliassen som prosjektleiar vart det utført eit prosjekt med treslagsskifte frå lauv (bjørk og platanlønn) til gran på Barstad i Ørsta.

– Feltet på ca. 70 dekar vart ringbarka på våren/sommaren og planta til med gran på hausten. Det vert vidare oppfølging av dette feltet i 2024, fortel Peder Magnussen.