Tematikken på årets messe er "Korleis kan du planlegge framtida i eigen bustad?"

Det skriv Ørsta kommune på si heimeside.

På messa, som vert opna av ordføraren, skal det vere opa utstilling, der du kan ta ein prat med lokal byggenæring, bankar, Husbanken og ergoterapien i Ørsta kommune.

Det vert også film og foredrag, informasjon om lokale byggeprosjekt som Marina Terrasse og Ørsta Panorama (Alti Ørsta), og informasjon om bustadlån, startlån og finansiering frå kommunen ved Husbanken.

Representantar frå lokale bankar skal snakke om finansiering av ny bustad eller rehabilitering av gamal. Kva med avdrag og renter, avdragsfriheit og verdistigning?

Det vert også orientering om nye butilbod i Ålesund kommune og informasjon om prosjektet «Innovative bukonsept i Ørsta».