Ørsta kommune har vendt seg til NVE, og etterlyst medverknad og midlar til å få reparert førebyggingar etter skadeflaumen i 2014. NVE varsla etter flaumen at dei ville ta på seg ansvaret for reparasjonar. Slik er det ikkje lenger.

– Det er korrekt at NVE tok på seg ansvar for å reparere skader i mange elver etter flaumen i 2014, også i Skytjeåa. Det vart arbeid intensivt med reparasjonar i mange elver etter flaumen, og Skjytjeåa var ikkje av dei elvane med store skader, og vart derfor ikkje den som vart prioritert. Etter kvart vart krisetiltak etter flaumen 2014 avslutta, og midlar vart prioritert til andre større prosjekt. Reparasjon av Skytjeåa vart eit av krisetiltaka/prosjekta som ikkje kom til utføring etter flaumen, svarar NVE i eit skriv til Ørsta kommune.

Det har også kome nytt regelverk, og NVE viser til at prosjekt med kostnader under 500.000 ikkje vert prioritert for bistand frå NVE.

– Små reparasjonar som det som bør gjerast i Skytjeåa, må løysast lokalt av grunneigar eller kommune. Reparasjon av skaden i Skytjeåa etter flaumen i 2014 vert derfor ikkje utført av NVE, vert det konkludert med i svaret frå NVE.