Ørsta/Volda handikaplag inviterer onsdag 17. april til open og tilrettelagt ungdomskveld på utestaden Stødt i Ørsta.

– Kvelden er for barn og unge som av ulike årsaker slit og som ikkje har ein tilrettelagt møtestad. Vi ønskjer å lufte om det er behov for ein slik møtestad og om det er på tide å opprette faste kveldar der denne gruppa kan møtast, seier Janne Britt Wille Ytterstad.

Ho er styreleiar i det lokale handikaplaget.

Bakgrunnen for at handikaplaget kan ha slike arrangement er tilskot frå Ørsta og Volda kommunar.

Informasjon

– Vi kjem til å informere om kven vi er og kva vi styrer med og bidreg med. Vi inviterer til brettspel, shuffleboard og karaoke, og det vert servering av m.a. pølser og vaflar, seier Wille Ytterstad.

Arrangementet er gratis.

– Det ver heilt ok dersom dei unge tek med seg kompisar, foreldre eller andre dei har nær tilknyting til, oppmodar styreleiaren.

– Vi håper dette kan vere noko positivt for barn og unge, og ein stad for å møtast og ha det kjekt. Det er ingen nedre eller øvre aldersgrense.