– Vi såg bilde frå Ørsta. Her er ein utruleg identitet i naturen. Det vekte ei sterk interesse i oss.
I Ørsta: Landskapsarkitektstudentane Dina Fonn Sætre og Sigrid Hauglin studerer ved Universitetet i Ås. No er dei i Ørsta for å verte betre kjende med bygda og ørstingane. Erfaringane skal dei bruke til å skrive masteroppgåve om utvikling av sentrum. Dei håper mange vil svare på undersøkinga deira på draumdiframtid.com