Det skal sparast flest moglege stader i Ørsta kommune dei komande åra. Heller ikkje politikarane kjem seg unna.
Rådmannen varslar ein gjennomgang av talet på folkevalde i kommunestyret og formannskapet komande år. Målet er å redusere talet på folkevalde i desse organa for å spare pengar.
Viss dette vert vedteke, vil endringa gjelde frå det komande kommunestyrevalet.