– Vi såg at med dagens modell ville vi hatt store problem med å leve opp til krava i den nye akuttmedisinforskrifta. Det gjeld særleg kompetansekrava. I dag er tenesta mykje basert på vikarar og eksterne legar. Då er det veldig krevjande å passe på at dei har den kompetansen som lovverket krev, seier Inger Lise Kaldhol til Møre-Nytt.

Ho er kommuneoverlege i Ulstein og leiar prosjektgruppa som jobbar med å greie ut ei ny legevaktorganisering på Søre Sunnmøre. Prosjektet, som har utspring i sjustjernesamarbeidet, jobbar først og fremst med legevakta på kveldstid og i helger, men prosjektet kan også få konsekvensar for lokalisering av nattlegevakta. Kommunane samarbeider i dag om felles nattlegevakt ved Volda sjukehus.

Seks av dei sju kommunane i sjustjernesamarbeidet er med på prosjektet: Ørsta, Volda, Ulstein, Hareid, Herøy og Sande. Vanylven trekte seg frå prosjektet på grunn av for store avstandar. Det er sannsynleg at Hornindal kjem med i samarbeidet når samanslåing med Volda er fullført.

I dag er det fire legevakter i dei seks kommunane: Ørsta og Volda har eigne legevakter. Hareid og Ulstein samarbeider, og det same gjer Herøy og Sande.

– Vi er ein av få regionar i landet som framleis har ein så desentralisert legevaktstruktur. Det vanlege rundt om i landet er langt større samarbeid, seier Kaldhol.

Tre modellar

Det første initiativet til å sjå på organiseringa vart teke i fjor vår, og no er arbeidet kome så langt at prosjektgruppa har presentert tre moglege modellar for organisering av tenesta:

Modell A: Ein hovudbase med to legar på jobb, lokalisert same stad som nattlegevakta. Alltid ein lege på basen og ein køyrelege som har ansvar for sjukebesøk i heile distriktet. I tillegg har modellen ein satellittstasjon der den tredje legen skal jobbe. Den kan vere open heile perioden eller ha avgrensa opningstid.

Modell B: Ein tilsvarande modell som modell A, men utan satellittstasjon. I utgangspunktet skal hovudbasen ha to legar på vakt, men dette kan bli oppskalert i periodar med stor pågang.

Modell C: To separate legevaktorganisasjonar der kommunane på ytre slår seg saman til eit distrikt, og Ørsta og Volda til eitt. Ein lege på jobb i kvart distrikt. Felles nattlegevakt i Volda som i dag.

– Det er lite sannsynleg at vi tilrår å organisere oss som i modell C. Då trur ikkje vi at vi får den effekten vi ønskjer, men endar i staden med ein modell som har mange av dei same ulempene som i dag.

Mellom anna gjer modellen det vanskeleg å få til kompetanseutvikling, organisasjonane vil vere sårbare for endringar, og det vil også vere behov for bakvakt for å oppfylle kompetansekrava.

Prosjektgruppa kjem dermed til å tilrå anten modell A eller B. Denne tilrådinga skal kome i juni, og Kaldhol seier det er for tidleg å spekulere i kva tilrådinga blir.

– Det blir uansett opp til dei politiske miljø å bestemme kva organisering vi får.

Lokalisering

Uavhengig av kva modell som blir valt, må hovudbasen leggast ein stad. Det er dermed duka for ein lokaliseringsdebatt når saka kjem til politisk handsaming.

– Her i ytre har det allereie blussa opp ein liten forsmak på debatten. Det er mange kjensler inne i bildet her, og forventninga om at legen skal vere nær står sterkt hos mange. Men det er viktig å hugse på kvifor vi gjer dette. For meg er det også viktig at vi skal gjere legane meir mobile, med å ha ein køyrelege på vakt til ei kvar tid. Då kan vi flytte legevakttenesta ut til institusjonar og andre stader det er behov for oss. Organiseringa er etter mi meining viktigare enn lokaliseringa, seier Kaldhol.

Prosjektgruppa har lagt fram tre alternativ til lokalisering av hovudbasen for legevakta: Volda sjukehus, Furene og ytre (Myrvåg eller Ulsteinvik).

Det er lista opp fordelar og ulemper med alle tre alternativa. I Volda er styrken samlokaliseringa og synergieffektane med sjukehuset, medan ulempa er mellom anna ein mogleg lågare terskel for sjukehusinnleggingar. I Furene er basen tenkt samlokalisert med ein ny ambulansesituasjon. Det kan gi positive effektar. Ulempa er m.a. at plasseringa gir behov for eit nybygg.

Alternativet i ytre gir nærleik til flest av innbyggjarane i distriktet (25.000 i ytre mot 20.000 i Ørsta/Volda). Alternativet krev truleg heller ikkje nybygg. Ulempa er m.a. at det vil gi store omvegar for pasientar frå Ørsta og Volda som skal vidare til sjukehus. Det er heller ikkje mogleg med utviding av samarbeidet til fleire kommunar, på grunn av lang reiseveg.

Dersom modell A blir valt, skal satellittstasjonen bli plassert på motsett side av Eiksundtunnelen i forhold til hovudbasen.

Håpet er at den politiske handsaminga skal fullførast i haust, og at den nye ordninga kjem i gang i mai neste år.

I prosjektgruppa: Knut Åmås, seksjonsleiar for helse og velferd i Ørsta. Foto: Roy-Arne Folkestad
I Prosjektgruppa: Jørn Kippersund, leiar for nattlegevakta i Volda Foto: Marius Myklebust