Og dei hindrar måsen i å etablere reir.

Over kring tretti kommunale bygg svevar det no kunstige haukar, eit førebyggjande tiltak som held måsen borte frå dei kommunale bygga.

– Siste åra har vi i større grad enn før hatt plage med at måsar byggjer reir på fleire av dei flate taka på dei kommunale bygga. Måsen kan vere veldig nærgåande og aggressiv i denne hekkeperioden, og vi veit at fuglen har vore direkte trugande mot folk, og at nokre difor har vegra seg mot å oppsøke mellom anna rådhuset. Difor sette vi inn tiltak for å ivareta tryggleiken overfor tilsette og brukarar, fortel Roger Steinnes. Han er sjef for vaktmeistertenesta i Ørsta kommune.

Kommunen har tidlegare søkt om å få fjerne reir og egg frå kommunale tak, men dei har fått avslag fordi enkelte måseartar er truga, og fordi måsane har færre plassar å hekke på.

Nytenking

I ein slik situasjon måtte det nytenking til, og for snart tre veker sidan starta vaktmeistrane å montere opp kunstige haukar på taka. Lurefuglane er festa i ei lang glasfiberstong. Investeringa kom på rundt 40.000 kroner. Får dei kunstige haukane ørlite vind under vengjene, lettar dei og svevar over taket. Og så ekte ser lurefuglane ut for måsen at han no held seg vekke.

– Mellom anna hauken er kjend for å rane reir for egg. Etter at vi monterte dei kunstige fuglane har vi ikkje registrert eit einaste måsereir på dei kommunale taka. Så det er tydeleg at tiltaket vårt fungerer godt, seier Roger Steinnes nøgd. Han har ikkje motteke negative reaksjonar på opplegget.

Skular og barnehagar, også på bygdene, har lurehaukane svevande over taka. Ikkje berre er tiltaket effektivt, det er også populært og underhaldande.

Populært

– I barnehagane er dette den store snakkisen for tida. Borna synest det er kjempepopulært å sjå dei store haukane flyge over seg, smiler Roger Steinnes.

Når hekkesesongen er over, skal dei kunstige haukane få fri. Og i slutten av mai vert dei plukka ned og lagra til neste vår.

lurefugl: Lurehauken svevar over det gamle rådhusbygget og held vekke måsane. Foto: Roy-Arne Folkestad