Frå og med 13. juli innfører Landbruks- og matdepartementet nulltoll for import av høy og halm. I tillegg vil bønder som slår korn og lagar grovfôr, likevel få arealtilskot for korn. Departementet vil også ha raskare saksbehandling for erstatningskrav, med mål om utbetaling innan utgangen av 2018. Bøndene kan her forskottere inntil 50 prosent av erstatninga.
Departementet understrekar at det ikkje er krav for kommunar å kontrollere areal det kjem erstatningskrav for og at område som er ramma av tørke, er tilstrekkeleg dokumentasjon for erstatningskrav.
– Desse tiltaka er ikkje symbolske, men er tiltak som skal virke, seier Dale til NTB om dei fire nye tiltaka.
Prekær situasjon
Vedvarande høge temperaturar og så å seie ingen nedbør har ramma store delar av norsk landbruk, både husdyrprodusentar og kornprodusentar. Mens husdyrbøndene slit med å skaffe fôr til dyra sine, fortvilar kornbønder over øydelagde og små avlingar. Bondelaget har kalla situasjonen «prekær».
Dale seier departementet strekkjer seg veldig langt for å avlaste bønder som er ramma av tørken.
– Sånn som vêrmeldinga ser ut kan det bli kritisk for bøndene, men vi gjer alt vi kan med det handlingsrommet vi har. Vi skulle gjerne gjort meir, men utan regn blir det vanskeleg, seier statsråden.
Klar for stor belasting
Det rekordhøge talet på erstatningskrav kan gjere at det blir betydeleg saksbehandling for kommunar og fylkesmenn. Dale ber kommunar og fylkesmenn prioritere desse erstatningssøknadane.
– Byråkratiet er normalt ikkje dimensjonert for slik belasting, men her må vi saman jobbe så effektivt som mogleg, seier Dale, og legg til at det kan bli aktuelt å hente folk tilbake frå ferie.
Tiltaka vil i hovudsak gjelde for dei mest ramma områda på Austlandet og Sørlandet.
(©NPK)