Friidrettsgruppa ventar opp mot 1000 menneske til Ørsta stadion tysdag- inkludert utøvarar og publikum. For då er det klart for stormønstringa Tinestafetten.

– 54 lag er påmelde til Tinestafetten i Ørsta i år. Stafetten er for 6.–9. klasse. Det er åtte etappar på 200 meter kvar. Til saman spring kvart lag 1600 meter, seier leiar i Ørsta IL friidrett, Olve Øyehaug.

På landsbasis deltek nærmare 100.000 skuleelevar

Norges Friidrettsforbund skriv i ei pressemelding at koronapandemien har ført til stor lengsel etter lagsport og det å vere saman. 30.000 fleire barn og unge har meldt seg på årets TINEstafett samanlikna med i fjor.

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol fyrer av startskotet for stafetten på Bislett stadion i Oslo.

– Eg er veldig glad for at det igjen er muleg å gjennomføre store arrangement som dette – og som samlar så mange barn og unge. Vi menneske trenge å vere samen, og vi treng å vere i bevegelse. Derfor er dette ein god dag, og det trur eg vi alle kjenner litt ekstra på, seier Kjerkol.