Åtte veker på rad har over 35 prosent av laksen som har vorte slakta vore i så dårleg forfatning at han har vorte klassifisert som produksjonsfisk.

I veke 13 var andelen oppe i heile 38,8 prosent – nesten dobbelt så mykje som same veke i fjor, og ny rekord. Det melder Intrafish basert på ferske tal frå Mattilsynet.

Produksjonsfisk er oppdrettsfisk med sår og skadar som ikkje skal omsetjast til menneskemat før han har vorte feilretta innanlands. Feilretting i oppdrettsbransjen inneber mellom anna utsortering av dårleg fisk og vidareforedling til andre produkt.

Mattilsynet seier til Intrafish at det er urovekkjande at så mange fisk har dårleg velferd.

– Oppdrettarane må jobbe førebyggjande for å snu den negative utviklinga vi har sett dei siste åra, seier direktør for regelverk og kontroll i Mattilsynet, Inge Erlend Næsset.

Fiskeriminister Cecilie Myrseth (Ap) vil ikkje spekulere på årsakene, men også ho omtaler utviklinga som urovekkjande.

– Viss ikkje forholda betrar seg, er eg redd det kan få konsekvensar for eksporten av laks frå Noreg, seier ho til nyheitsnettstaden.

Andelen produksjonsfisk har ifølgje Mattilsynet auka jamt frå 5 prosent i 2018 til 15 prosent i 2023. Det er mest produksjonsfisk om vinteren.

(©NPK)