Utbygginga av Mosmarka og Øvre Mo har vore ein stor suksess for utviklinga av Ørsta. Bustadfelta har vore særs attraktive og tomtesalet har til tider gått som «varmt kveitebrød» dei siste åra. Det har vore ein viktig faktor for ei positiv folketalsutvikling i Ørsta dei siste åra.

No står vi i ein situasjon der Ørsta kommune ikkje lenger har tomter å tilby. Det er særs alvorleg for alle dei som vurderer å etablere seg i Ørsta. I Ørsta kan du bygge deg eit hus til prisen av ei leilegheit i Oslo, og for fleire så er dette eit reelt val. Men då må der vere ei tomt, eit nabolag, eit livskraftig sentrum og moglegheiter for arbeid som er attraktivt nok til at ein vel å flytte tilbake til Ørsta. Dersom ikkje Ørsta kan tilby dette, så finne ein kanskje det i ei av nabokommunane våre.

Ørsta har jobba lenge og godt med planar for utviklinga av sentrum. Det er svært mange byggeplanar i sentrum som no er «gryteklare». Men for å lukkast så må vi bygge opp eit sentrum med gode urbane kvalitetar, gode oppvekstvilkår og kombinere det med dei fantastiske moglegheitene for friluftsliv som er rundt oss.

Planlegging av bustadfelt og vegar tek tid. Planlegginga av Fremre Mo er ein sentral del av ein bustadstruktur med sambindingsvegar og tekniske anlegg. Å gå vekk frå desse planane i siste fase av realiseringa er ei særs dårleg løysing for Ørsta. Det vil blant anna redusere moglegheitene til å legge til rette for berekraftige kollektivløysingar frå bustadfelta og ned til sentrum.

Vi ser at det er fleire parti som no peikar på andre område som alternative bustadfelt til Fremre Mo. Desse bustadfelta skal også planleggast og då vil det også her kome protestar frå grunneigarar og statsforvaltaren. Å flytte eit bustadfelt frå eit område med jord som er dyrka eller kan dyrkast, til eit anna område med om lag tilsvarande kvalitetar, er etter Høgre sitt syn lite fruktbart. Då er ein meir oppteken av å lytte til protestane enn av sjølve jordvernet.

Høgre er oppteken av at der vert utvikla gode bustadfelt både på Legene, i Hovdebygda og andre delar av kommunen vår, slik at kvar og ein kan få bygge der dei sjølve ønskjer å bu. Det bør ikkje vere ei politisk oppgåve å flytte folk frå sentrum, slik enkelte parti no foreslår.

Høgre er eit parti der eigedomsretten er ein viktig del av verdigrunnlaget vårt. Det er likevel slik at for at Ørsta skal utvikle seg så vil ein ha behov for å gjere endringar av korleis vi nyttar arealet vårt. Skal Ørsta sentrum utvikle seg må vi av og til vekte korleis vi beste skal utvikle sentrumsnære areal. I Fremre Mo så har vi søkt ei løysing med å legge sambindingsvegen bak gardstuna på Mo, og med det skjerme både gardstuna og flatmarkane ned mot Dalevegen. Kor stort areal som skal regulerast til bustadfelt bak gardstuna er grunnlaget for den «oppheita» politiske debatten i Ørsta.

Høgre meiner at der er tilstrekkeleg areal i Ørsta både til å ha ei forsvarleg utbygging av nye bustadfelt, nydyrking av landbruksjord og vern av skog og utmark. Vi ønskjer å legge til rette for at vi får på plass ein jordvernstrategi som det er råd å samle seg om lokalt, men vi deler ikkje SV sitt mål om ein nullvisjon for omdisponering av jord. Årsaka er at det vil stanse utviklinga lokalt og forsterke sentraliseringa til dei store bysentera nasjonalt. Ei sentralisering som vi no prøver å motverke ved å utvikle Ørsta som eit regionsentrum på søre Sunnmøre.