Her deler ordførar Stein Aam ut miljøfyrtårn-diplom til Lånekassen i Ørsta.

– Vi er veldig stolte av dette, seier leiar Laila Aarset.

Vidare fortel ho på kommunen si heimeside: -Lånekassen har 75-årsjubileum i år og vi hadde som mål å få alle Lånekassen-kontora sertifisert – og det målet nådde vi i juni.

Lånekassen har kontor i Trondheim, Ørsta, Bergen, Oslo og Stavanger.

Det har vore ein kamp or å behalde kontoret og arbeidsplassane i Ørsta. I 2016 var kontoret nedleggingstruga, men etter ein heftig politisk kamp kom Ørsta sigrande ut.

Sidan den tid har antalet på tilsette over dobla seg, og dei har flytta frå lokalet «Slakteriet» på Vikeøyrane til nye, flotte lokale på Ørsta Torg.