Kommunen klar med planprogram for Ørstafjordkryssinga

I saksutgreiinga om planprogrammet, som skal danne grunnlaget for kommunedelplanen for Ørstafjordkryssinga, er sakshandsamar Per Ivar Lied tydeleg på at administrasjonen i kommunen er skeptiske til at Ørstafjordkryssinga skal vere del av ein statleg plan. Saka kjem opp i kommunestyret torsdag, og det er politikarane som då skal ta stilling til saka.

Statleg plan er ein planleggingsmetode som gjerne blir brukt i samband med store samferdselsprosjekt som inkluderer to eller fleire kommunar, har stor usemje eller konfliktar, og der det er viktig med rask gjennomføring. I februar gjekk Statens vegvesen ut med eit ønske om statleg plan for E39 frå Volda til Molde.

Vil ikkje ha statleg plan

Statens vegvesen har tidlegare, og ved fleire høve, varsla at dei vil sjå Ørstafjordkryssinga i samanheng med kryssinga av Sulafjorden (Hafast). Dette legg opp til ein statleg plan frå Ørsta til Ålesund.

Mange i Ørsta har vore kritiske til dette, fordi det truleg fører til ei utsetting av Ørstafjordkryssinga. Denne kritikken kjem også Lied inn på.

– Vi er sterkt i tvil om statleg plan vil vere raskaste framgangsmåten for realisering av Ørstafjordkryssinga. For det første er erfaringane med statleg plan delte, i nokre tilfelle ser dette ut til å ha forsinka planprosessen. For det andre blir Ørstafjordkryssinga i dette konkrete forslaget til Statens vegvesen låst til Hafast som ligg langt fram i tid med enno ukjende teknologiske løysingar.

Måndag kom det fram at det truleg ikkje blir løyvd eigne pengar til Hafast på Nasjonal Transportplan i denne omgang. Møreaksen (Ålesund-Molde) får pengar til oppstart, men Hafast må truleg vente.

Tvillingprosjekt

Lied viser til at Statens vegvesen sjølve, i konseptutvalsutgreiinga for E39 Skei-Ålesund, peika på at Ørstafjordkryssinga og Voldatunnelen høyrer naturleg saman.

– Det er naturleg å sjå desse to prosjekta som tvillingprosjekt. Rådmannen går difor inn for å avgrense den statlege planen til Flåvika (på Vartdalsstranda, journ.merk.) i sør.

For Voldatunnelen er reguleringsplanen allereie under arbeid. Ønsket til Ørsta kommune er at planane for Ørstafjordkryssinga skal utarbeidast på same måte som for Voldatunnelen, og uavhengig av framtidig bygging av ny E39 frå Vartdalsstranda og nordover. Kommunedelplanen blir då utarbeidd som ein ordinær kommunedelplan av Ørsta kommune, ikkje av staten.

- Når vi no legg fram planprogrammet, er det eit første steg for å gjere prosjektet så gryteklart som mogleg. Det aukar sjansen for å prosjektet inn på NTP, seier Lied til Møre-Nytt.

I desse dagar kjem det stadige lekkasjar frå Nasjonal Transportplan. Håpet lokalt er at Voldatunnelen er med i denne, og at Ørstafjordkryssinga er inkludert som ein del to i Voldatunnel-prosjekt. Kor vidt Voldatunnelen er med i NTP, blir truleg klart før påske.

Ørstafjordkryssinga skal som kjent flytte E39-trafikken ut av Ørsta sentrum og til ei bru eller ein tunnel over eller under Ørstafjorden. Trasévalet er del av reguleringsarbeidet.

Planprogrammet, som er utarbeidd av Norconsult på oppdrag frå Ørsta kommune, legg opp til at vegen blir dimensjonert som europaveg og ei fart på 90 km/t.

Kommunedelplan i 2020

Dersom ein eventuell statleg plan kuttar ut ei kryssing av Ørstafjorden, vil Ørstafjordkryssinga måtte planleggast som fylkesveg. Det vil truleg gjere det svært vanskeleg å finansiere prosjektet.

Dersom kommunestyret seier ja, blir planprogrammet no lagt ut på høyring. Planen er at det skal bli vedteke i haust. Norconsult legg opp til at kommunedelplanen for Ørstafjordkryssinga blir vedteken våren 2020, altså før første rullering av Nasjonal Transportplan 2018–2029.

Hafast: Kartet viser ei mogleg kryssing av Sulafjorden med Hafast. Det er usikkert om regjeringa vil prioritere dette prosjektet med det kostnadsnivået som i dag ligg føre. illustrasjon: Multiconsult/statens vegvesen Foto: Multiconsult Statens vegvesen
Sakshandsamar: Per Ivar Lied har utarbeidd saksframlegget for administrasjonen, og meiner Ørsta kommune må gå imot ein statleg plan for Ørstafjordkryssinga. Foto: Marius Myklebust
Ørstafjordkryssinga: Kartet viser moglege kryssingar av Ørstafjorden. Den stipla traseen er tunnel under Raudøya, den korte kryssinga er ei bru over fjorden.