– Det er massivt det som har skjedd. Det er formidable skadar, seier ho.

Fredag var ho i Ørsta for å sjå skadane med eigne auge. Ho seier at ho vurderer å stille skriftleg spørsmål og følgje opp saka både overfor olje- og energiministeren og landbruksministeren.

– Dette handlar om ansvar som ligg til NVE og Naturskadefondet, og problematikken er vanskeleg og dels uoversiktleg, seier ho.Klinge seier at det er viktig å ha eit system der folk som opplever naturskadar, kan få hjelp og også støtte til gjenoppretting og ny førebygging.

– Seier vi ordet førebygging vert det vanskeleg å få støtte. Naturskadefondet støttar berre tilbakeføring, fortel lensmann Guttorm Hagen.

– Dei som opplever dette og vi som bur her har gjerne ei anna oppleving av skadane og verdien av områda som er skadde, enn dei som sit i departementet og skal vurdere det. Er dyrkamarka skada, og bonden ikkje er aktiv lengre, er verdien på området då lågare? Hagen ønskjer å få betre rammer for førebygging av naturskadar, og ønskjer også å få på plass eit ettersynssystem, som ser til at tidlegare opparbeidde førebyggingar vert haldne ved like.

– I Barstadvik såg vi at førebyggingane som var laga til etter storflaumen på 1980-talet fungerte. Men ingenting er vel gjort sidan den tida. Om vi hadde aktivt gått inn og fjerna massar som har lagt seg til og hatt ettersyn med tiltaka, kanskje hadde det gått betre denne gongen, vurderer han.

Vern

– Det bør satsast meir på vern. Det kostar meir å reparere enn å førebyggje, seier han.Frå årsskiftet vert ordninga for naturskadeerstatning endra. Då er det grunneigarane sjølve som må gjere jobben lensmannen i dag gjer, med å administrere søknader og skaffe skjønnsmenn til å vurdere skadane.

– Eg oppmodar grunneigarar om å dokumentere områda sine med foto, slik at dei har bilde som viser korleis eigedomane deira ser ut i dag, slik at dei har noko å vise til dersom dei skulle verte utsett for naturskadar, seier Hagen.Tysdag skal det haldast skjønn i Barstadvik for å prissette skadane. Deretter har grunneigarar og landbruksdepartementet ved Naturskadefondet ein månads klagefrist. Om der kjem klage vert det halde overskjønn.