Måndag kveld og natt til tysdag er det planlagt vedlikehaldsarbeid i Eiksundtunnelen på fv. 653.

Det blir difor manuell dirigering frå måndag klokka 20 til tysdag klokka 06.30, melder Statens vegvesen. Bilistar kan difor bli nøydde til å vente litt på begge sider av tunnelen.