Ervingen blandakor song julesangar. Foto: Sveinung Walseth
Foto: Sveinung Walseth

Ord for dagen

Deretter heldt Paul Kristian Hovden ord for dagen, og han trekte på ein fin måte fram likskapstrekk mellom Oddgeir Bruaset sitt program, «Der ingen kunne tru», og vismennene som fylgde stjerna til ein vesal stall i Betlehem. Hovden kom også med ei oppmoding til folk om ikkje å sei nei dersom nokon treng hjelp, og bankar på døra di i førjulstida, og han avslutta med å lese diktet, «Julegrana» av Annfrid Fagerhol.

Paul Kristian Hovden heldt ord for dagen. Foto: Sveinung Walseth

Æresmedlem

Heidersmann og hovdebygdapatriot, Oddmund Hovden vart utnemnd til æresmedlem i Hovdebygda soge- og velferdslag for sin langvarige innsats for laget. Han var leiar i fleire år, materialforvaltar og medlem i skriftsstyret i over 20 år, og har over tid lagt ned ein innsats langt utanom det vanlege for soge- og velferdslaget og bygda.

Oddmund Hovden vart æresmedlem i Hovdebygda soge og velferdslag. Her saman med Gudny Fagerhol og Signe Hovden. Foto: Sveinung Walseth

Gåver

Deretter var det utdeling av gåver til alle borna, og mange avslutta kvelden med kaffi og kaker på sanitetshuset, der blide sanitetsdamer stod for serveringa. Det var tredje gongen at julegrana vart tend i Hovdebygda, og ein ny fin tradisjon er i ferd med å slå god rot mellom bygdefolket. Dette takka vere eit godt samarbeid mellom soge- og velferdslaget, sanitetslaget og Hovdebygda krokket.

Sveinung Walseth