– Dei siste avverknadstala viser at vi har hatt endå eit rekordår for skogbruket i Noreg, og at etterspurnaden etter fornybart råstoff frå eit berekraftig skogbruk aldri har vore høgare Det er gode nyheiter for heile skog- og trenæringa, seier landbruks- og matminister Sandra Borch i ei pressemelding.

Fylka Innlandet, Oslo, Viken og Vestfold og Telemark står for 76 prosent og kystskogfylka for 24 prosent av hogsten i 2022. Denne fordelinga har vore nokså stabil siste åra.

Bruttoverdien på tømmeret i 2022 var på over 5,8 milliardar kroner. Det er ein auke på 0,8 milliardar, eller 15,8 prosent, frå 2021. Gjennom vidareforedling og verdiskaping fram mot sluttbrukar blir desse verdiane mangedobla.

Gjennomsnittleg virkepris i 2022 auka frå 481 kroner per kubikkmeter i januar til 532 kroner i oktober. Dette er eit rekordhøgt prisnivå. Sagtømmerprisane var stabilt høge gjennom året, men fall noko i november og desember. Dette må sjåast i samanheng med konjunkturane i byggjebransjen. Massevirkeprisane fekk likevel ein markert auke i siste halvår av 2022 og blir forklart med ein stor etterspurnad. Det er uvisse om utviklinga i 2023.

(©NPK)