– Vi har gode og robuste system for å forsyne Noreg med mat. Situasjonen i Europa og i verda gjer likevel at det er behov for å sjå på korleis vi kan gjere norsk matvareberedskap endå betre og meir motstandsdyktig viss dei globale forsyningskjedene blir påverka. Beredskap handlar om å vere føre var, seier næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) i ei pressemelding.

Regjeringa vil mellom anna sjå på korleis produksjonen og distribusjonen av sjømat kan tilpassast ein mogleg auka etterspurnad i kriser, og kva sårbarheiter og avgrensingar som ligg i verdikjedene.

Det skal også gjennomførast ein analyse av risiko og sårbarheit knytt til dei globale forsyningslinjene for viktige innsatsfaktorar, råvarer og produkt som blir importerte til Noreg.

– Noreg har store og rike havområde. Dette er ressursar som sjølvsagt bidreg til vår nasjonale sjølvforsyningsevne. Derfor er det viktig å ha god kunnskap om kva rolle fisk og sjømat kan ha i matvareberedskapen vår, og korleis han kan bidra til eit godt og variert kosthald også i kriser, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap).

(©NPK)