– Det er forventa vesentlege forseinkingar. Varigheit er akkurat no ukjend. Vi oppmodar alle reisande til å forhalde seg til den informasjonen dei får frå flyselskapet sitt. Vi beklagar ulempene dette medfører. Dette er all informasjon vi har akkurat no. Vi kjem tilbake med meir informasjon. skriv Avinor i ei pressemelding.

Ved Oslo lufthamn letta det siste flyet klokka 6, ifølgje Avinors oversikt.

Ifølgje wideroe.no, er morgonflyet frå Oslo til Ørsta - Volda lufthamn innstilt.

NTB snakka like etter klokka 6.30 med ein passasjer på eit fly som skulle ta av frå Gardermoen, men der piloten opplyste at flykontrollen er nede over heile landet, og at heile systemet er lamma.

Avinor stadfestar overfor NTB at feilen skjedde litt før klokka 6.30.

– No er luftrommet stengt i heile Sør-Noreg på grunn av utfordringar på Røyken. Førebels er luftrommet stengt. Vi gjer det vi kan for å finne feilen og få trafikken i gang igjen. Det er for tidleg å seie når det vil skje, seier kommunikasjonssjef Kristine Framholt i Avinor til NTB.

Ho ber passasjerane reise til flyplassane som vanleg.

– Gjer som normalt dersom ein ikkje får annan beskjed frå flyselskapet sitt, seier Framholt.

Avinor har ansvaret for 43 statleg eigde lufthamner og dessutan flysikringstenesta for sivil og militær luftfart i Noreg.