Politiet melder om ei ulykke i Elvegata i Volda søndag kveld:

– Eldre mann skal ha falle i samband med kryssing av veg, og truffe ein bil i fart. Politi og ambulanse er på staden. Mindre personskade, melde politiet på Twitter ved 20-tida.

Det har vore mykje folk i området søndag kveld, i samband med Øyralangs.

Sunnmørsposten melder at mannen ifølge operasjonsleiar i politiet, Jens Dahl, sendt til sjukehus for helsesjekk og undersøkingar.

Operasjonsleiaren påpeikar at bilen ikkje hadde køyrt på den eldre mannen, men at 80-åringen fall inn i sida på bilen som kom i fart.

– Difor er det heller ikkje gjort førarkortbeslag, sidan føraren av bilen ikkje kan klandrast for hendinga, sa operasjonsleiar Dahl til Sunnmørsposten søndag kveld.