Tore Nordang har stått i spissen for ein av dei 75 ryddeaksjonane i Ørsta-Volda denne veka. Han har organisert innsamling av plast og anna bos på Sørestranda, mellom Digernes og Klubben.

- Til saman har vi registrert 1890 kilo, så det har vore nok å ta av seier Nordang.

Dumping langs vegen

Mesteparten vart plukka laurdag, då bygdefolket på Digernes mobiliserte. Dei fekk og hjelp frå Miljøpartiet Dei Grøne (MDG)

- Her er mykje plast som kjem sjøvegen, men største problemet er at folk brukar avkøyrsler på vegen som private fyllingar, seier Nordang.

Holmane

I sentrum av Ørsta hadde Røde Kors ryddeaksjon, og den starta i Holmane.

- Det er eit viktig arbeid, og det er kjekt å bidra, meinte to frå ungdomsgruppa i Ørsta Røde Kors Hjelpekorps, Emilie Øye og Elias Smehus Staurset.

Seks tonn

Like før miljøstasjonen på VØR stengde laurdag ettermiddag, hadde Volda og Ørsta Reinhaldsverk fått inn litt over 6,5 tonn med avfall som frivillige har samla inn i løpet av strandryddeveka.

- I sum har vi denne våren  hatt tre gongar så mange ryddeaksjonar i Volda og Ørsta som i fjor, opplyser Petter Sandvik i VØR.

- Alt frå einskildpersonar til organisasjonar har lagt ned ein kjempeinnsats. Engasjementet rundt om i dei ulike bygdelaga har vore svært stort, seier Sandvik.

Tore Nordang Foto: prfivat