– Dette er ein svært krevjande arbeidsmetode, som blir brukt i bratt terreng, seier Peder Magnussen, skogbrukssjef i Ørsta, til Møre-Nytt.

Fredag kjem statsråd Dale til Steinnes for å få demonstrert skogsdrift med taubane. Det er samarbeidsorganisasjonen Kystskogbruket og taubanelag som har teke initiativ til demonstrasjonen.

– Han får sjå korleis skog blir teke ut med taubaneutstyr, og han skal også prate om utfordringar og løysingar med slik skogsdrift på bratte stader, seier Magnussen.

– Tilskot er avgjerande

Han er klar på at statlege tilskot er avgjerande for å få lønsemd i slik skogsdrift.

– Det er ofte tilskotet som utgjer overskotet. Utan tilskot vil det ikkje vere mogleg å få det til, eller det vil vere marginal profitt.

Han lovar skikkeleg skogskaffi til statsråden når han kjem på besøk.

Ministermøte

Jon Georg Dale er i fylket heile denne veka, mellom anna i samband med eit møte i Nordisk ministerråd i Ålesund. Her er åtte regjeringar og EU representerte. Onsdag var Følgjet på båttur til Hjørundfjord, og ete middag på Hotel Union Øye. Det kan du lese meir om i Møre-Nytt laurdag.