Det vedtok eit samrøystes Ørsta formannskap tysdag. På førehand hadde rådmannen tilrådd utmelding, fordi administrasjonen ikkje har kapasitet til å prioritere fairtrade-avtalen.

Innkjøpssamarbeid

Under møtet sa rådmann Wenche Solheim at det i dag er meir naturleg å løfte fram etisk og rettferdig handel i andre kanalar.

– Vi er med i eit innkjøpssamarbeid på Sunnmøre, som igjen samarbeider med Oslo kommune om å sikre sosialt rettferdig og etisk handel. Då fairtrade kom på banen, var dei nesten åleine om å sette fokus på dette. No har tidene endra seg, og innkjøpssamarbeidet har slike spørsmål som ein naturleg del av det dei held på med. Det kunne tenkast at ansvaret for ein fairtrade-avtale kunne vore lagt til næringskontoret, men det har ikkje noko på rådhuset å gjere. Avtalen har ikkje praktisk betydning i det daglege arbeidet vårt, det er rein symbolpolitikk. Og det har vi faktisk ikkje tid til, var den tydelege meldinga frå rådmannen.

Sjølv om vedtaket til slutt vart samrøystes, møtte framlegget til rådmannen kritikk frå nokre av politikarane.

– Eg forstår argumentasjonen til rådmannen, men samtidig er det trist at avtalen skal avsluttast. Dette har med kva signal vi gir overfor omverda å gjere, sa Synnøve Rekkedal Hill (Sp). Ho ville utsette saka til over sommaren, men fekk ikkje formannskapet med seg på dette.

Gunnar Knutsen (V) meinte oppgåva med fairtrade kunne vorte lagt til frivilligsentralen.

– Dei kunne organisert eit slikt arbeid. Vi gir ein signaleffekt ved å vere med på dette. Ei av oppgåvene til kommunen er at vi skal vere med på å oppdrage folk.

– Flautt

Under debatten kom det fram at Ørsta kommune for fleire år sidan gjekk bort frå å servere fairtrade-kaffi på rådhuset, sjølv om fairtrade-avtalen krev dette.

– Eg er litt sjokkert over å høyre at det ikkje blir handla fairtrade-varer når vi er med på denne avtalen. Om det ikkje fungerer, er det meir ærleg å gå ut av avtalen. Men dette var litt flautt, synest eg, sa Eli Birkeland (KrF).

Inger Sandvik Sundnes (H) og Jostein O. Mo (Ap) var blant dei som var samde med rådmannen sin argumentasjon.

– Det er mykje viktigare å løfte fram etisk handel som ei sak i innkjøpssamarbeidet. Her er det også mange andre ting enn berre etisk handel som kan løftast fram, og det kan monne meir enn å snakke om kaffi og te på rådhuset, sa Sundnes.

– Innkjøpssamarbeid har reglar, og det er der vi kan få på plass tydelege retningslinjer for dette, sa Mo.

Hans Olav Myklebust (Frp) foreslo at rådmannen endra tilrådinga slik at ei oppmoding til innkjøpssamarbeidet om å vektlegge etisk og rettferdig handel. Dette fekk tilslutning frå alle i formannskapet.