Adm.dir i Aurstad, Per Kristian Langlo har skrive eit brev til Volda og Ørsta Reinhaldsverk (VØR) og Ørsta kommune som forureiningsmynde, der han på vegner av bedrifta klagar på lukt frå reinhaldsverket.

– Vi har i den seinare tid periodisk opplevd sterke luktplager frå dykkar anlegg her i Torvmyrane. Dette er uakseptabelt for oss som nabo. Kva tiltak vil VØR sette i verk for å unngå desse luktplagene? spør han i brevet, og bed om at det vert sett i verk tiltak for å betre problemet.