Sikkerheit er viktig, så Ørsta kommune har publisert fem tips frå Bjørnis, Brann og redning.

Ikkje minst meiner Bjørnis vassvettreglane er viktige:

1.       Ha respekt for vatn, vær og forhold. Strømforhold og kaldt vatn kan gjere svømmeturen farleg.

2.       Born skal aldri bade åleine. Pass godt på dine eigne born og følg med andre sine.

3.       Bli kjend med botn og djubdeforhold. Aldri hopp eller stup der du ikkje er kjent.

4.       Kjenn dine eigne grenser. Du kan ikkje redde andre utan først å ta vare på deg sjølv.

5.       Ved ulukke; varsle først, så redde. Gi beskjed slik at fleire kan hjelpe til.

6.       Bruk redningsline eller livbøye ved redning. Ha alltid ein gjennstand mellom deg og den som treng hjelp. Redning frå land gir auka tryggleik.

7.       Bruk flytevest og følg sjøvettreglane når du ferdast i båt. Flytevest reddar lig og reglar gjer sjøen tryggare for alle.

8.       Vend i tide. Det er ingen skam å snu. Svømmeturen skal gå langs med stranda. Søk ly viss det bles opp på båtturen.