Fredag 26. august er det klart for plattingdans med Steinar Engelbrektson Band i Bondalsparken, heiter det frå Bondalen frilynde ungdomslag i ei pressemelding.

– Dei siste vekene har BFUL gjennomført fleire dugnadar for å førebu Bondalsparken til å ta i mot gjestar i festmodus. Parken er stor, med mange benkebord og god plass til danseglade besøkande. Det vert sett opp eit romsleg partytelt med plass til ca. 200 personar – så her kan ein sitje under tak. I tillegg er storsalen i grendehuset open. Framføre scena vert det laga danseområde, og den gamle pølseboda får nytt liv som bar. Det skal på plass grillbod for sal av burgarar, lyslenkjer skal hengast opp og ny singel til vegar og sitjeområde skal leverast. Dette blir god stemning, heiter det frå ungdomslaget.

BFUL overtok eigarskapet til Bondalen Grendahus i april 2022. Før dette var huset eigd av eit partslag, som var organisert som eit samverkeføretak og bestod av lag, organisasjonar og privatpersonar. Grunna endringar i regelverket vart det naudsynt med eit eigarskifte då det ikkje lenger var høve til å drifte grendehuset som eit samverkeføretak, og dårleg økonomi som ein følgje av dette.

Ungdomslaget har sett i gang arbeidet med å revitalisere grendehuset.

– Huset er stort med scene og fullutstyrt kjøken, og kan leigast til t.d. bryllaup, bursdag, basar, dansekurs, osv. I Bondalsparken er det god plass til å ha eit hageparty, eller arrangere leikar i samband med festleg lag. Mange har mimra om plattingdansane som tidlegare vart arrangerte her, og sagt at det hadde vore kjekt dersom dette vart gjort på ny. Dette vart dermed bakgrunnen for å arrangere denne dansen, fortel Eva Haugen Øye i ungdomslaget.

BFUL håper at folk møter, og at dansen vert ein suksess. BFUL er avhengige av inntekter for å halde fram arbeidet med å drifte grendehuset.

Billettar til plattingdansen kan folk kjøpe hos tikkio.com, og det vert også sett opp buss til Ørsta, Volda og Sæbø etter dansen.