Ørsta kommune lyser no ut treningstidene for Ørstahallen og gymsalane i kommunen. Søknadsfristar 1. juni og 1. september.

Gymsalane på bygdene

For Dalane, Hovden, Sæbø og Vartdal sender idrettslag/grendalag inn samla oppsett på treningstider for godkjenning av hallnemnda på elektronisk skjema. Tilføyingar kan skje undervegs, så sant dei meldast inn. Oversikta skal innehalde kva aktivitet, for kva lag og ansvarleg kontaktperson.

Frist for innsending er 1. september.

Sentrum

For Ørstahallen og Vikemarka skal det sendast søknad. I Ørstahallen kan søkjast om fast treningstid i treningsrom , på speleflater og for friidrettsfasilitetar.

Kvart lag, også undergrupper sender eigne individuelle søknadar.

Alle søknadar skal innehalde: Aktivitet, namn på lag, ansvarleg kontaktperson – og ønske om oppstartstidspunkt og avslutningstidspunkt.

Hallnemnda gjer endeleg fordeling. Bytte av treningstid skal meldast inn.

Hallnemnda kjem til å gjere to tildelingar på hausten. Ei som gjeld frå skulestart og ei som gjeld frå oktober. Så langt det let seg gjere får dei som ønskjer det behalde treningstida si tildelt frå skulestart.

Frist for innsending er 1.juni, opplyser Ørsta kommune på si heimeside.