– Vi har eit mål om at alle skal finne noko som passar for dei – anten dei ønskjer å utfordre seg på krevjande toppturar, prøve noko nytt eller ha fine kulturopplevingar, seier Siri Dahl i Naturfestivalen.

I Knutegarden på Vartdal og Bakketunet på Sæbø skal det vere kunstutstillingar gjennom heile festivalen. Framover kan ein også vere med på fjelltur frå Folkestadsetra til Kornbergveten, ekspedisjon til Dollsteinhola, topptur til Liadalsnipa, SUP tur på Ørstafjorden og familieklatring på Kyrkjesteinen.

Sirkus i sentrum – og på Nordre Vartdal

Eit spennande nytt innslag under festivalen er sirkus Benzini som har med eige telt. Sirkustruppen til Eskil Rønningsbakken har framsyningar både 1. og 2. august i Ørsta sentrum framfor Tik. Det blir aktivitetar og grilling på marka og tysdag blir det også konsert med Morten Bollerud og Arild Andersen i teltet.

3. august blir det framsyning på Nordre Vartdal på marka ved sidan av kyrkja.

Campen flyttar til Raudøya

Fredag 4. august til søndag 6. august blir det – tradisjonen tru – naturcamp. Campen har vorte arrangert i Romedalen i mange år, men i år er den flytta til Raudøya. Dette vil naturleg nok gi campen eit meir maritimt preg med aktivitetar både på sjøen og på land.

– Vi tilbyr skyss til og frå øya, men ein kan også kome med eigen båt. Vi håper at mange tek med telt og overnattar ei eller to netter ute på øya, men ein kan sjølvsagt også kome på dagsbesøk. Campen kostar ingenting, utover ein liten sum til skyssbåten, og ein må ta med seg mat og drikke for tida ein planlegg å vere på øya, fortel Dahl.

Vartdal og Standal

– I år har vi eit særleg fokus på i dette området. Då kan ein til dømes utforske maritime Vartdal med besøk på den historiske Sjøbuda Ramoen og VD Museet, der ein lærer meir om fiskeri- og fangstsoga på Vartdalsstranda, fortel Dahl.

På Ytre-Standal kan ein møte historie-forteljar Eli Anne Tvergrov på Nilsgardsløda 2. august – og høyre om fjellpionerane Gerald Arbuthnot, Edwin C. Oppenheim og Johannes Vigdal. Etterpå kan du lære meir om laks på Mowi og ta ein tur til Stavset internatskule der det blir både omvisning og mat!

Teltet på Nordre Vartdal blir sentrum for aktivitetar gjennom fleire dagar.

Motbakkeløpet Saudehornet rett opp

Laurdag 19. august vert Saudehornet rett opp arrangert. Som vanleg går starten frå småbåthamna i Ørsta, og for å nå målet på Saudehornet må ein overvinne 1300 høgdemeter. Om du ikkje vil springe, kan du bli med i mosjonsklassa og ta det litt rolegare på veg mot toppen. Så minner vi om at denne festdagen er for alle – også for dei minste! Det blir sjølvsagt barneløp til Skåla!

I småbåthamna blir det rigga opp ei stor scene, og det blir underhaldning gjennom dagen utanfor Stødt. Så rundar festivalen opp med av med Madcon på kvelden.