Heldigvis er det mykje både dyreeigarar og dei som sender opp fyrverkeri kan gjere for å hindre situasjonar der dyra kjenner seg usikre og redde, skriv Norsk Fyrverkeriforeining i ei pressemelding.

Eit av grepa ein kan gjere er såkalla lydtrening, der ein speler opptak av fyrverkeri eller andre lyder for dyret over ein lang periode.

– Det viktigaste er å starte med trening tidleg og gi hunden positive erfaringar, seier veterinær Aja Nafstad i hundehelse.no.

Andre tips er å halde dyret inne, aldri reise frå eit kjæledyr på nyttårsaftan og lage ein «hole» eller kosekrok i eit så lydtett rom som mogleg.

Det kan i tillegg vere lurt å lufte hunden så tidleg som mogleg på dagen og på den måten slite han ut til kvelden. Ein kan òg reise bort med kjæledyret til ein roleg stad.

Andre grep er høyrselsvern for dyr, bruke feromon, eit roande duftstoff, eller skaffe medisinar frå veterinær.

(©NPK)