Opparbeidinga av sentrumsparkeringa på Bedehusmarka er i gang.

Det melder Ørsta kommune på si heimeside. Og skriv vidare:

«Dette er eit viktig element i oppfølginga av sentrumsplanen. Bedehusmarka skal fungere som nærparkering for sentrumsgatene. Både besøkande, handlande og dei som jobbar i sentrum kan bruke denne plassen, som ligg nokre korte minutts gange frå Vikegata. Til fleire tilsette som parkerer her til fleire parkeringsplassar vil verte frigjort for handlande i sentrumsgatene. Det er planlagt å innføre tidsavgrensa parkering i sentrumskjernen for å stimulere til å bruke Bedehusmarka til langtidparkering.

Bedehusmarka vil etter planen vere opparbeidd i løpet av seinsommaren 2023. Laget med matjorda som vert teke av på Bedehusmarka vil verte nytta til nydyrking på Engeset.»