Torsdag vart resultata frå Studiebarometeret 2023 offentleggjort. Dette er den årlege nasjonale studentundersøkinga der studentar som går andre året på ein bachelor og andre års masterstudentar svarar.

For Høgskulen i Volda var det tal til å glede seg over, men også tal som gir grunn til uro.

I nyhendebrevet frå Høgskulen i Volda vert det uttrykt glede over resultata til medieutdanninga.

Resultata viser at studia ved Avdeling for mediefag gjer det godt.

Nær alle bachelor- og mastergradsprogram oppnår karakteren 4 eller høgare.

Dekan Kate Kartveit seier i nyhendebrevet at resultata har kome grunna systematisk arbeide med studiekvaliteten.

– Vi har innført obligatorisk studentevaluering på alle emne, og dette gir oss verdifull tilbakemelding på det vi kan bli betre på og på det vi gjer bra. Studieprogramma gjennomfører jamlege årskullmøte der studentane kan ta opp studierelaterte saker, vi har dyktige og dedikerte undervisarar og gjesteundervisarar frå bransjen og vi har ein administrasjon og teknisk stab som støtter godt opp om læringsaktivitetane, forklarar Kartveit.

Ekstra høg er karakteren for animasjonsutdanninga, med 4,7. Det er eit resultat som ligg heilt i landstoppen.

Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim er stort sett nøgd med resultata. Han trekkjer fram resultata for medieutdanninga.

– I tillegg er det godt å sjå at barnehagelærarutdanninga vår gjer eit kraftig byks frå 3,2 til 4,0, og karakteren 4,3 for Design, kunst og handverk er sterk, kommenterer Mjellem Tonheim.

Grunnskulelærarstudentane er blant dei misnøgde. Dei har gitt karakteren 3,3. Gjennomsnittet i landet er 3,4.

Studieleiar Eivind Patrick Hanevik ved grunnskulelærarutdanninga fortel at det er sett i gang tiltak for å betre dei forholda som ein del av studentane ikkje er nøgde med.

Mellom anna har undersøkinga avdekt at lærarstudentane ikkje gjev høge karakterar på kor stor grad representantar frå arbeidslivet er involvert i undervisninga.

Eit av spørsmåla grunnskulelærarstudentane i Volda ikkje gir så høg skår på er i kor stor grad representantar frå arbeidslivet er involvert i undervisninga. Eit av tiltaka her er at det er oppretta kombinerte stillingar for lærarar i utdanningsskulane der det er eit samarbeid. Det gjeld Velle skule, Øyra skule og Ulstein ungdomsskule.