– Det har vore eit år med store kontrastar her i Noreg. Men i snitt har det vore eit ganske normalt år, seier statsmeteorolog Terje Alsvik Valle, som fredag presenterte ei oversikt over vêråret i Noreg i 2023.

Han fortalde at snittemperaturen enda på 0,1 grader under normalen.

Meteorologisk institutt definerer «normalen» som gjennomsnittsverdien mellom 1991 og til 2020.

Ser ein heilt tilbake til 1900, har temperaturen i Noreg stige med cirka 1,3 grader, ifølgje statsmeteorologen.

Hugsar du dette?

Valle gjekk gjennom vêr-året som har gått, og han minte om korleis det har svinga. Her er nokre av punkta han trekte fram:

* Januar og februar: Året starta kaldt, men vart etter kvart mildt og vått. Februar var den åttande varmaste månaden om ein ser på alle februarmånader tilbake til 1900.

* I mars vart det mykje kjøligare enn normalt: -2,9 grader under normalen.

* På påskeaftan 8. april hadde ein snø over nesten heile landet.

* April og mai var prega av nedbørskontrastar. April var veldig våt på Austlandet og uvanleg tørr i Nordland. Men mai var stikk motsett: Uvanleg tørt på Austlandet og uvanleg vått i Nordland.

* Vinterleg sommar i nord: Tromsø var ein snødekt by 1. juni og opplevde den kaldaste juninatta på over 40 år.

* Oslo var Nordens varmaste by i juni. Snittemperatur for heile juni var på 19 grader i hovudstaden og 25 grader i snitt på dagtid. 2,6 grader over normalen nasjonalt i juni.

* Det snudde brutalt i juli. Varmt i nord, kjølig i sør. 12. juli var Slettnes fyr i Finnmark varmast i heile landet, med 28,8 grader.

* August vart endå varmare nordpå. Det vart ekstremt varmt i heile Troms, Finnmark og nordlege Nordland. Ganske mange varmerekordar vart slått.

* Ekstremvêret Hans, 7.–10. august.

* Hausten var svært kontrastfull. Varm september over heile landet. Kald oktober over heile landet. Og så kom november som var veldig mykje kaldare enn normalt over heile landet.

* Kulda heldt fram inn i desember. Starten av desember var kaldaste nokosinne på Værnes. Uvêr på Vestlandet i midten av månaden.

Naturskadar: – Eit dramatisk år

I snitt låg nedbøren i 2023 5 prosent over normalen. Nedbøren har auka med 20 prosent frå 1900.

Hege Hisdal, direktør i Hydrologisk avdeling i NVE, seier at 2023 var eit veldig omfattande naturskadeår.

– Det er det dyraste året med tanke på naturskade. Og Hans er den dyraste enkelthendinga vi har opplevd nokosinne. Eit dramatisk år med tanke på naturskade, seier ho.

Ekstreme hendingar

Meteorologisk institutt samanfattar 2023 som eit rekordår, både nasjonalt og globalt.

– Fjoråret har vore prega av ekstreme hendingar globalt og nasjonalt. Globalt har vi sett fleire omfattande flaumar, tørke og ikkje minst enorme skogbrannar, seier direktør Roar Skålin i Meteorologisk institutt.

Han trekkjer mellom anna fram anna ekstremvêret Hans som førte til kraftige flaum i Sør-Noreg i august.

– Her i landet merkar vi særleg klimaendringane gjennom endringar i nedbørsmønsteret. Det blir meir nedbør, og nedbøren blir meir intens. Dermed blir det også fleire alvorlege hendingar forårsaka av vatn på avvegar, seier Skålin.

Klimaministeren: Vi vil sjå meir ekstremvêr

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) seier at tala viser at det er viktig å auke innsatsen for klimatilpassing.

– Unormalt er, krevjande nok, den nye normalen, seier han.

– Vi vil sjå meir og meir ekstremvêr dei neste 25 åra. På grunn av historiske utslepp er klimaendringane dei neste 20 åra i stor grad gitt, seier Eriksen.