Det sa Marit Aklestad frå Ørsta då ho for første gong stod på talarstolen på eit SV-landsmøte. Aklestad sa vidare at ho er glad for at SV er så tydelege i framlegg til arbeidsprogram når det gjeld å styrkje sjukehusa og sikre føde- og akuttfunksjonar over heile landet, i staden for å sentralisere til dei få.

– Lokalsjukehuset mitt ligg i Volda. Mellom Ålesund og Volda er der ein fjord og ei ferje. Til vanleg noko eg syns er ein fin ting. Men når det står om livet, må sjukehuset vere på rett side av fjorden, sa Aklestad. Ho fortalde deretter landsmøtet om ein kollega som opplevde dette på kroppen for ikkje lenge sida. Barnet vart akutt sjukt, og trong behandling på barneavdelinga i Ålesund. Det var uvêr, og helikopteret kunne ikkje lette. Kva om ikkje ferja kunne legge til? Denne natta gjekk det bra, men dagen etter kunne ikkje ferja legge til. Då ville lokalsjukehuset vore einaste redninga. Det finst fleire slike historier.

– Difor er det så viktig at lokalsjukehusa, både i Volda og mange andre stader i landet som og har geografiske forhold som våre, vert tekne vare på. Det handlar om tryggleik, liv og helse.

Marit Aklestad var og innom god fødselsomsorg i innlegget sitt.

-Nyfødde babyar og mødrene deira skal få den tida dei treng på barselavdelinga. Heimebesøk av helsesøster kan ikkje erstatte dette. I Ålesund er neonatal intensivavdeling for dei for tidleg fødde også truga med flytting, til Trondheim. Dette vil gå ut over våre aller minste, som må ut på ei lang og strabasiøs reise i ein allereie stressa situasjon. Vi må gjere det heilt klart: Sjukehus er ikkje butikk! Eg gler meg til å reise heim med eit nytt arbeidsprogram der vi kan vere heilt trygge på at SV tek kampen for bevaring av sjukehusa. Eg oppmodar også landsmøtet om å støtte alle endringsforslaga som støttar eit trygt og godt akuttilbod i heile landet, avslutta Aklestad.