Dei næraste månadane kan du sjå personar som målar kvite firkantar på bakken. Desse merka skal brukast når Kartverket skal flyfotografere kommunen.

Det skriv Ørsta kommune på si heimeside, og legg til:

– Det er eit sikkert vårteikn å treffe på ein landmålar som målar inn fastmerke i nabolaget, på gangstien eller heilt utpå jordet. Ta godt imot landmålaren, og la merket vere i fred.

Ekstra mange nye merke i år

– Ein ny standard med nye kvalitetskrav gjer at mange eksisterande fastmerke ikkje kan brukast lenger. Det betyr enda fleire nymåla firkantar rundt om i landet i år, seier Jon Otter Skaaret i Kartverket.

Fastmerke er kvite firkantar, anten kvitmåla eller i form av plater montert på bakken.

– Alle fastmerka må plasserast der det er føremålsteneleg for kartlegginga, seier Skaaret. Plasseringa er planlagt på førehand, men nokre tilpassingar må landmålarane gjere i felt.