Væpninga skal sikre gjennomføringa av ulike arrangement og større folkesamlingar, heiter det i ei pressemelding frå Politidirektoratet tysdag formiddag.

− 17. mai er ein dag som samlar folket gjennom ulike arrangement i heile landet vårt. Derfor vil vi sikre ein einskapleg praksis for beredskapen til politiet denne dagen, seier politidirektør Benedicte Bjørnland.

– Det enkelte politidistrikt vurderer kva tiltak som er hensiktsmessig å setje i verk ved dei ulike arrangementa. Innsatspersonell som jobbar i tilknyting til barnetoget, vil vere væpna, men det er opp til den enkelte politimeister å gjere ei lokal vurdering og prioritering rundt bruken av innsatspersonell i dette arbeidet, står det i pressemeldinga.

Det ligg ikkje føre nokon endringar i trusselbiletet, skriv politiet.

– Sjølv om det ikkje ligg føre ein konkret trussel, blir hurtig responsen frå politiet vurdert som viktig for å sikre ein best mogleg beredskap. Dette er noko vi tek på alvor gjennom å sørgje for å ha god beredskap denne dagen, seier Bjørnland.