Det var Anna Bolette Bringsvor (70) frå Sande kommune som vart funnen død etter brannen i ein bustad på Sandsøya 28. desember.

Det fortel politiet i Møre og Romsdal i ei pressemelding fredag kveld.

Det er stadfesta via obduksjon.

Dei pårørande er informerte om at namnet blir gitt til media.

Det var to personar registrert på adressa og ein annan person klarte å ta seg ut av bustaden.