Nedgangen i alkoholomsetninga i 3. kvartal i år er stor for alle sortar alkohol, viser tala for alkoholomsetning frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

I talet ligg det ein nedgang i rein alkohol i brennevin på 19,1 prosent. For vin og øl er reduksjonen høvesvis 20,9 og 17, 1 prosent, medan det for rusbrus er ned 16,2 prosent. Tala er utan turistimport og taxfree-sal.

SSB-tala viser også at kvar og ein av oss i snitt drakk 1,59 liter rein alkohol i tredje kvartal. I same kvartal i fjor var talet 1,97 liter.

Samanliknar ein med same periode i 2019 er det derimot ein auke.

– Tala må sjåast i samanheng med pandemien, då dei ikkje inkluderer tax free og grensehandel. Vi ligg framleis høgare enn same periode i 2019. Ein kan derfor på ingen måte konkludere med at nordmenn drikk mindre enn før, seier generalsekretær i alkovitorganisasjonen Av og til, Ragnhild Kaski, til NTB.

(©NPK)