Lista over artar som ikkje er ønskte i Noreg har blitt utvida. I år står 2 342 artar på framandartslista, skriv forskning.no.

Likevel er så mykje som 65 prosent av artane vurderte til å ha ingen til låg risiko. I 2018, året då hamnespyet gjorde sitt inntog, var 77 prosent av artane i dei to lågaste kategoriane. Sidan det har over 800 fleire artar fått innpass på lista.

– Me har vurdert over 1 100 dørstokkartar. Det er ei stor satsing i internasjonal målestokk, seier prosjektleiar Olga Hilmo for Artsdatabanken.

163 av dei vurderte dørstokkartane er oppførte med høg eller svært høg risiko.

Det er insekt og karplanter som utgjer brorparten av artane på lista.

Slik ser lista ut fordelt på kategori:

Karplanter: 1240

Insekt: 327

Krepsdyr: 148

Soppar: 139

Blautdyr: 86

Fiskar: 76

Pattedyr: 45

Algar: 43

Fuglar: 39

(©NPK)