Det er ansvaret til den som eig eller disponerer bustaden å klippe hekkar og buskar slik at det er forsvarleg sikt, seier prosjektleiar Tor Skårland i Vegvesenet.

– Det nærmar seg skulestart, og snart skal mange tusen skulebarn over heile landet ferdast langs gang- og sykkelvegar. Bidra til å gi dei ein trygg skuleveg, seier Skårland.

Han påpeikar at 15 menneske døydde på norske vegar i juli, fire fleire enn i fjor. Så langt i år er 67 døde på vegane, to fleire enn på same tid i fjor.

– Viss vi alle bidreg med vårt, aukar det sjansen for at vi får færre drepne og hardt skadde på norske vegar. Vi har ingen fleire å miste, seier Skårland.

(©NPK)