Politiet har sett i gang leiteaksjon etter ein sakna mann i Norangsdalen.

– Vedkomande vart sist sett laurdag morgon kl. 08. Hovudredningssentralen er kontakta og mannskap frå Røde kors og Norske redningshunder er utkalla. Brannvesenet stiller med dronekapasitet, skriv politiet på Twitter/X i 12-tida søndag.

Operasjonsleiar Per Åge Ferstad seier til Sunnmørsposten at dei no er i startfasen og driv med informasjonsinnhenting.

– Det er ein norsk mann i 70-åra. Han blei sist sett i 08-tida laurdag morgon, og ein reknar med at han har gått på ein fjelltur, seier operasjonsleiaren.