I år går turen til Panoramavegen mellom Lote og Stryn.

– Vi har sett av tre forskjellige dagar med ulikt startpunkt. Den 21. september startar vi frå Nørestranda, den 28. september startar vi på Vartdalsstranda og den 5. oktober startar vi på Sæbø. Vidare går turen via Volda og Folkestad, til Nordfjordeid og der etter Panoramavegen. Der skal vi stoppe på Fjellvarden ungdomshus på Fjelli, før turen går heim via Hornindal og Kvivsvegen, fortel Eikebø.

Han fortel at turane som Ørsta Røde Kors omsorg har halde, har vore populære. Turane er for pensjonistar, heimebuande eldre og dei som bur i omsorgsbustader.

– Turane er rimelege, og det skal verte kjekt å vere saman, seier Eikebø.

Han oppmodar folk om å hive seg på telefonen for å tinge plass.