– Eg trur barnehagepersonalet må vera bevisste på korleis dei snakkar om samar. At dei ikkje har ei «me» og «dei» type haldning. Det er kanskje der det er mest vanskeleg å skapa solidariteten, men det er jo av og til sånn me vaksne gjer, seier fyrsteamanuensis Veronica Bergan i naturfagdidaktikk ved Universitetet i Tromsø (UiT) til Nynorsk pressekontor.

Ho er sjølv sjøsame og underviser i naturfag på barnehagelærar-studiet ved universitetet i tillegg til å forska på praktisk utandørs aktivitet.

Reindrifta har ei stor og viktig rolle i samisk kultur. Her er ein kvit rein i Karasjok. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

Fellesarena i naturen

– Det er lite forsking på kor mykje ein lærer om det samiske utanfor det samiske kjerneområdet Sápmi. Men det me veit er at samisk tematikk stort sett blir sentrert rundt 6. februar. Ei undersøking viser at på stadene der det bur samiske born, fortel ein i større grad samiske eventyr mellom anna.

For i barnehagelova står det at kommunar skal legga til rette for at borna med samisk bakgrunn skal kunna utvikla både kulturen sin og språket sitt.

– Målet med dette mandatet er å få respekt og solidaritet. Og kanskje kan ein sjå at ein har veldig mykje til felles, seier Bergan.

Men ho seier òg at ein kan bruka ein felles gratis ressurs for å læra om det samiske, nemleg naturen. Når det gjeld å livnæra seg av naturen, har tradisjonell norsk og samisk kultur mange fellestrekk, meiner Bergan.

– Eg tenker at dette er ein filosofi for å bryta ned avstand mellom «me» og «dei», og at me brukar naturen på ein skånsam, berekraftig måte. Ein same vil til dømes aldri fiska altfor mykje, berre det ein treng til ei koking. Det som blir til overs, gjev me tilbake til mellom anna måsen.

Ved å vera i kontakt med naturen og retta fokus mot korleis me kan bruka han, kan me føra samisk tankegang inn i den norske barnehagen, ifølgje Bergan.

På den samiske nasjonaldagen 6. februar tek samar på seg kufter som høyrer heime i heile Sápmi, frå Innlandet til Kolahalvøya i Russland. Foto: Javad Parsa / NTB / NPK

Kva markerer ein?

– Me samar er opptekne av familie og slektskap. Det å feira i lag og vera saman, det er det som er den samiske ånda. Me feirar på tvers av generasjonar, og me pyntar oss med det finaste me har om det så er ei kufte eller berre eit smykke, seier Bergan.

Samedagen blir markert til minne om det fyrste samiske landsmøtet som fann stad i Trondheim i 1917. Det var den fyrste gongen samar frå alle kantar av Sápmi møttest for å arbeida for felles samiske rettar. Her var mellom anna jordmor, reineigar og aktivist Elsa Laula Renberg sentral.

– Det er ein festdag som 17. mai der me lyfter fram stoltheita til det samiske folket. Me er veldig stolte av arven vår. Eg skal ha møljefest og blautkake med molter, fortel Bergan.

Samisk er likestilt med norsk i Noreg. Men det er ikkje berre eitt språk. Her i landet finst det seks samiske språk. Nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk er offisielle språk, mens skoltesamisk, umesamisk og pitesamisk ikkje har fått offisiell status.

Den samiske nasjonaldagen er offisiell flaggdag, og på flaggstenger over heile landet kan ein sjå det raude, blåe, gule og grøne flagget vaia. Motivet på det karakteristiske flagget er henta frå runebomma og diktet «Paiven parneh» av Anders Fjellner. Sirkelen symboliserer sola og månen, mens fargane kan ein kjenna igjen på samiske kufter.

Slik seier du «gratulerer med dagen» på dei samiske språka:

Sørsamisk: Læhkoe saemiej åålmegebiejjine!

Lulesamisk: Vuorbbe sámij álmmukbiejvijn!

Nordsamisk: Lihkku sámi álbmotbeivviin!

Pitesamisk: Vuärrbe sáme älbmukbejvijn!

Skoltesamisk: Šiõǥǥ saaŽmi meersažpeeiŽv!

Umesamisk: Lihkuos sämij ålmagenbiejvieb!

Kjelde: sametinget.no

(©NPK)