Faktura på kommunale eigedomsgebyr kjem seinare enn vanleg i februar, dette gjeld alle fakturamottakarar.

Det melder Ørsta kommune på si heimeside.

Faktura for februar vil ikkje kunne sendast ut før etter 8. februar.

– Vi beklagar eventuelle ulemper dette medfører, og vi vil få ut fakturaen så snart som mogleg etter 8. februar. Forfallsdato vil vere som tidlegare (28. i kvar månad), skriv kommunen.