Innspel må sendast til kommunen innan 23. mai.

Fylkeskommunen informerer

Den årlege ruteendringsprosessen for ferje-, hurtigbåt- og bussrutene vil starte i september 2022. Eventuelle endringar vil gjelde frå 1. mai 2023.

For å få ut ny ruteinformasjonen rettidig til 1. mai 2023, er det viktig at fristen for innlevering av innspel blir overhalden. I praksis må nye rutetider offentleggjerast før jul kvart år.

Kommunar og andre som ønskjer å gje innspel til prosessen blir bedne om å kome med desse no. Det er i denne prosessen viktig at kommunane involverer t.d. skular og trafikknemnder for også å få innspel derifrå. Innspel (buss, ferje og hurtigbåt) må sendast samla, men spesifisert på kvart enkelt transportmiddel til Møre og Romsdal fylkeskommune v/samferdselsavdelinga.