– Desse grepa vil styrke den finansielle situasjonen til selskapet og sikre tilstrekkeleg finansiell fleksibilitet framover, melder Scana Industrier i ei børsmelding.

Styret i konsernet foreslår for generalforsamlinga at det blir gjennomført ein såkalla garantert emisjon, som vil sikre 100 millionar kroner i nye eigenkapital. I tillegg har leiinga forhandla fram ein treårig refinansieringsavtale med banken.

Scana-konsernet slit med lønsemda. I 2014 vart det gjennomførte eit kostnadssparingsprogram som inkluderte nedbemanningar i Scana Volda. Tidlegare i år avviste ikkje Scana Volda-sjef Hallvard Pettersen ytterlegare nedbemanning overfor Møre-Nytt.

– Det er naudsynt at Scana Volda også begynner å tene pengar. Den nye kapitalen er ikkje henta inn til å forbruke. No må selskapa vise lønsemd, seier Jan H. Melhus, administrerande direktør i Scana Volda, til Sunnmørsposten.

Han trur Scana Volda vil klare å vise lønsemd. Administrasjonen har likevel fått i oppgåve å finne fleire tiltak for å auke lønsemda i selskapet. Alternativa er ytterlegare bemanningsreduksjon, innsparing på innkjøp og auka produktivitet.

Tidlegare i melde Scana Steel Stavanger oppbod og Söderfors og Leshan vart selt.

– Dette har vore heilt naudsynte tiltak for å sikre lønsemd, heiter det i børsmeldinga.

Emisjonen skal opp til votering i generalforsamlinga i selskapet 26. mai.