I dag vedtek politikarane i Ørsta å fordele snart 600 mill. kroner til å drive kommunen og å investere over 260 mill. kroner i 2017.
Kaka: Kaka viser korleis driftsbudsjettet i Ørsta kommune blir fordetl mellom dei forskjellige seksjonane i kommunen. Omsorgs og rehabilitering og skule er dei to største seksjonane, og seksjonsleiarane begge stader har åtvara mot svært stramme rammer i 2017. Fleirtalskoalisjonen gjekk i formannskapet inn for å vidareføre ei styrking av skuleseksjonen som først vart vedteken i fjor. Denne er på 2,5 mill. kroner og er ikkje teken omsyn til i diagrammet. kjelde: Ørsta kommune
Foto: Marius Myklebust