Onsdag slutta NRK sine kanalar å sende på FM-nettet i Møre og Romsdal. Desse er det no berre mogleg å ta inn via DAB+ og nettradio.

Dei kommersielle radiokanalane, som P4 og Radio Norge, held fram med sendingar på FM-nettet fram til 21. april. Då blir desse også heildigitale.

Det største holet i DAB-dekninga i Møre og Romsdal ved sløkkinga av FM-nettet er i fylkesvegtunnelane. Berre to fylkesvegtunnelar har DAB-dekning per i dag: Ljøtunnelen i Stranda og Fannefjordtunnelen i Molde, opplyser Statens vegvesen i ei pressemelding.

Mars

Dei tre tunnelane i Eiksundsambandet må vente til mars før DAB er på plass.

– Desse tunnelane har første prioritet av fylkesvegtunnelane i Møre og Romsdal, skriv Jan Stian Tafjord i vegseksjonen i Statens vegvesen i Møre og Romsdal i ein e-post til Møre-Nytt.

Leiratunnelen på fv. 41 mellom Bjørke og Leira vil også få DAB. Dette er planlagt montert i april.

Fekk pengar for seint

DAB-dekning skulle eigentleg vore på plass før sløkkinga av FM-nettet. Årsaka til forseinkinga er ifølgje vegvesenet at dei ikkje fekk midlar til DAB-utbygginga før i fjor haust.

– Vi hadde sjølvsagt ønskt at vi fekk pengar tidlegare, slik at hadde fått på plass DAB innan sløkkedatoen, seier Tafjord.

På riks- og europavegnettet i Møre og Romsdal er utbygginga av DAB no fullført. Alle tunnelane på E39 i Austefjorden og gjennom Kviven har no DAB-dekning ifølgje Statens vegvesen.

Det same gjeld på E39 og E136 nordover og austover i fylket. På Kvivsvegen var monteringa fullført så seint som i førre veke.

Beredskap

Radio er ein del av beredskapen i tunnelar, og blir brukt til varsling ved ulykker. Statens vegvesen meiner likevel at det er forsvarleg at det går ein månad eller to før DAB-dekninga er på plass.

– Vi meiner tryggleiken er teken vare på, sjølv om det blir ei lita periode utan radiodekning.

Har dab: Kvivstunnelen har fått montert DAB.