Sjeldan har det vore fleire til stades under ei opning av ei kunstutstilling. Hagen stiller ut bilete han har laga som VG-teiknar, men også andre som ikkje er vist fram offentleg tidlegare. Mellom anna fleire portrett av Ivar Aasen.

– Men det er ikkje slik at eg er nøgd med alt eg har laga. Eg har gjennom åra kasta mange skisser og ferdige teikningar, sa Hagen.

Opna av ein riddar

Opningstalen vart gjennomført som ein samtale mellom Hagen og direktør Ottar Grepstad ved Nynorsk kultursentrum.

– Det er vel fyrste og siste gong det er ein riddar som står for opninga av ei utstilling her på Kunsthuset, sa Lisbeth Bjørneset Myklebust frå Volda og Ørsta kunstlag då ho introduserte Grepstad og Hagen – til stor latter og varm applaus frå alle frammøtte.

Volda og Ørsta kunstlag samarbeider med Dei nynorske festspela om sommarutstillinga for tredje året.

– Og vi håper dette er eit samarbeid som vert ført vidare, sa Bjørneset Myklebust.

Med seg hadde arrangørane også 10 år gamle Ylva Torin Thon, som framførte tre melodiar på kornetten sin.

Inspirasjonskjelder

For Roar Hagen er det å stille ut på Kunsthuset å kome heim. I samtalen med Grepstad fortalde han om sine inspirasjonskjelder, frå Edvard Munch, via Lars Hertervig til David Hockney, og korleis dei på kvar sine måtar har inspirert han som kunstnar med stil, dristigheit og fargeval.

Hagen fortalde også om at han kan få kjeft.

– Seinast i dag, då eg fekk ein kommentar om at eg hadde slurva. Men slik er det gjerne, når eg lever som journalist, og lagar ei teikning på ein halv time. Dette er avisverda, og du skal levere, sa Hagen.

Satire

Han understreka at det å virke som journalist er inspirerande.

– Eg kjem så nær makta det er mogleg å kome utan å trakke over grensa. Det er ein unik posisjon, sa Hagen.

Han har gjort seg nokre refleksjonar om satire, og korleis satire verkar. Han har ikkje teikna Muhammed-teikningar, men har utfordra det muslimske miljøet likevel, på andre måtar.

– For dilemmaet er: skal vi utelate ei heil gruppe frå å verte utsett frå satire, sa Hagen.

Som fekk passet sitt påskrive frå Einar Førde i vandrehallen i Stortinget ein gong.

«Du er ein satan. Eg veit det, for eg er sjølv ein satan.»