Den 9. mai i 1987 møtte kring 3.500 tilskodarar opp for å sjå lokaloppgjeret mellom Volda og Ørsta i fjerde divisjon (noverande tredje) på Volda stadion. VG kom med ekstrabilag om kampen med overskrifta «Århundrets fotballkamp», og det vart skapt ei fantastisk ramme rundt kampen. Dette vart ein kamp som dei involverte hugsar godt.

I 1987 var det 19 år sidan Ørsta og Volda sist hadde møttest til eit lokaloppgjer. Den gongen vart det heile 19–0-siger til Ørsta, men når laga skulle møtast igjen hadde Volda akkurat rykka opp frå femte divisjon, og Ørsta hadde rykka ned frå tredje divisjon.

Ørsta var på den tida «storebror» i lokalfotballen etter å ha spelt i den gamle tredje divisjonen (andre divisjon i dag) i mange år, medan Volda på 1970-talet hadde fleire sesongar i sjette divisjon der dei også m.a. tapte 0-2 for Mork.

– Ein open kamp på førehand

Med begge laga i same divisjon og heftig medieomtale på førehand, vart det skapt forventningar til kampen som ingen av laga ville tape. I Møre-Nytt uttrykte Ørsta-spelarane optimisme med overskrifta «– I dag sprengjer vi Volda sin forsvarsmur».

Medan ein i Ørsta gjekk gjennom eit generasjonsskifte, hadde Volda eit godt lag i emning. Tor Hasund, Geir Dale, Vidar Egset og Ove Krumsvik var nokre av dei nye spelarane som kom til klubben, og Krumsvik vende tilbake til Volda etter tre sesongar i Ørsta-drakta.

– Det var ein open kamp på førehand, og sidan han vart hausa opp var det også mange som kom for å sjå, seier Krumsvik.

– Det var også mange frå Ørsta som tok turen, og som ville sjå ein ny storsiger over Volda, seier Einar Myrold.

– Rivaliseringa var stor

Både Krumsvik og Myrold starta kampen for sine respektive lag. Allereie tidleg på føremiddagen var gatene i Volda fylt med folk, og korps frå alle bygdene stilte opp.

Det var fleire konkurransar som tautrekking mellom ørstingar og voldingar, stafett og regatta med prominente deltakarar. I tog gjekk publikum opp til stadion der ein med klistermerke kunne vise kva lag ein heldt med.

På stadion kom kampballen flygande inn med fallskjerm, og dommarane vart senka ned på bana med helikopter. Dag Lindebjerg, som kommenterte fotball saman med den legendariske Bjørge Lillelien, var speaker for dagen, og alt låg til rette for 90 minneverdige minutt då laga entra bana til stor jubel.

– Rivaliseringa på den tida var stor. Det var ikkje heilt greitt at eg melde med inn i Ørsta i 1983, seier Krumsvik.

– Likevel var det ikkje heilt unaturleg på den tida. Ørsta var eit springbrett. Vi reiste til Bergen, Trondheim og Austlandet for å spele kampar, og det var ein fantastisk flott tid. Før heimekampane hadde vi spelarmøte på hotellet, og alle spelarane kom på stadion likt kledde akkurat som eit eliteserielag i dag. Det vart satsa skikkeleg seriøst, seier Myrold.

– Enorm vonbrot der og då

I stor turistbuss kom spelarane frå Ørsta til Volda stadion likt kledde, og inspiserte bana før dei gjekk i garderoben. For Volda sin del måtte ein ta omvegar for i det heile teke å komme seg til stadion grunna lang kø.

Volda opna kampen best og tok leiinga ved Jens Dankertsen, før Ørsta utlikna litt seinare ved Andor Osborg. Dankertsen ordna igjen leiing for Volda etter ein flott enkeltmannsprestasjon, og i andre omgang sikra Stig Kalvatn heimesiger med sitt 3–1 mål.

– Det er veldig lett å hugse denne kampen, og eg hugsar spesielt det med at vi hadde problem med å komme til stadion, og var i garderoben berre ein halvtime før avspark, seier Krumsvik.

– Dette er ein kamp som vi aldri kjem til å gløyme. Eg hugsar ikkje så mykje av det som skjedde etter kampen, men det som skjedde i forkant sit godt. Vi innsåg at voldingane var gode, og det var eit enorm vonbrot der og då, seier Myrold.

1987-sesongen med Stan Williams som spelande-trenar for Ørsta enda ikkje bra. Det vart nedrykk, medan det for Volda sin del vart opprykk med 21 sigrar og ein uavgjort.

– Var flinkare til å skape engasjement då

Andre påskedag er det igjen klart for lokaloppgjer mellom Ørsta og Volda, denne gongen på Ørsta stadion. Interessa rundt lokaloppgjer var større før, men både Krumsvik og Myrold meiner at ein var flinkare til å skape entusiasme rundt laga den gongen.

– Eg hugsar at vi på 1980-talet spelte kamp mot Os, og den var avgjerande for om vi stod i divisjonen eller rykka ned. Då vi kom tilbake til Vigra etter å ha sikra plassen, var det mange ørstingar i klubbcaps og med flagg som møtte oss. Dette var før det var tunnel til Vigra, og det var ikkje berre å køyre dit. Slikt engasjement ser ein ikkje i dag, og du kan tenkje deg korleis vi følte oss som spelarar då, seier Myrold.

– AaFK rykka opp frå same divisjon den sesongen, og eg hugsar at vi hamna på opprykksfesten til laget, seier Krumsvik som då spelte i Ørsta.

– Burde det ikkje vere eit slikt engasjement rundt begge laga den dag i dag?

– Det burde vere det, men eg veit ikkje om det er det. Fotballinteressa ligg der eigentleg latent, men tidlegare var vi flinkare med profilering rundt laget, seier Myrold.

– Ein torde å seie kontroversielle ting, og ta litt i, legg Krumsvik til.

– No fryktar nesten alle å dumme seg ut, men det gjorde ikkje vi. Laga  stod fram på ein heilt anna måte enn kva dei gjer i dag, seier Myrold.

– Klubbane er for defensive

Begge meiner at det vert satsa på for lite i begge klubbar for å etablere seg høgare opp i divisjonssystemet.

– Volda er flinke på breidde, men har for lite ambisjonar for A—laget. AaFK og Hødd er dei store på Sunnmøre no, men det var dei også då vi var aktive, og vi slo dei fleire gonger. Skal interessa kome tilbake må klubbane ha ambisjonar om liggje i toppen av andre divisjon, og det trur eg ikkje nokon av dei har. Styra er for defensive. Det kostar pengar å satse, og ein må kanskje hente nokre spelarar, men då vil entusiasmen kome tilbake, seier Krumsvik.

– Ørsta var langt framme med organiseringa rundt laget i tida eg var aktiv. Vi hadde dagleg leiar, tre store cupar og sportsleg utval. Det var mange rundt klubben, og tre lag stilte som billettørar til heimekampane, seier Myrold.

Seinare i 1987-sesongen vart det 4–1 siger til Volda på Ørsta stadion, og for Volda sin del følgde mange gode år. På heimekampane var tribunane fylt, og ein hadde mellom 1.000-2.000 tilskodarar i snitt. Kampen i Volda viste at ein kunne skape ein folkefest om ein la opp til det rundt lokaloppgjeret, og både Myrold og Krumsvik lurer på kva som skal skje i forkant av kampen i år.

– Vert 3–1 som i 1987

– Korleis trur det at årets kamp vil ende?

– Det verkar ope. Treningskampar er noko anna enn ein cupkamp. Volda har tidlegare hatt gode opplevingar i cupen, og er eit betre trent lag. Eg trur det vil verte ein jamn kamp der Volda går av med sigeren. Eg trur at resultatet vil verte det same som i 87, 3-1, seier Krumsvik.

– Eg trur det vil verte jamt, og etter full tid vil resultatet vere 2–2. Når begge laga er slitne etter ekstraomgangar, vil Ørsta vinne 5–4 på straffespark, seier Myrold.

Då får ein berre oppmode publikum både frå Volda og Ørsta til å støtte opp om årets lokaloppgjer i cupen, og kanskje kan ein sjå tilbake på årets kamp om 25 år som «århundrets fotballkamp» mellom Ørsta og Volda.

Ove Krumsvik og Einar Myrold var begge delaktige i lokaloppgjeret i 1987, og her viser dei fram ekstrabilaget til VG som kom ut i samband med kampen. Foto: Joachim Kroken Åsebø